La dei eldre få bu i små bu einingar, der dei har uteområde, felles møteplasser. Der personal har tilsyn. Gjerne ein liten cafe, butikk, der dei kan kjøpe det mest nødvendige. Faste dagar med trim og aktivitet, som dans og anna.

Det er mykje snakk om at dei eldre skal bu i « heimen « men dette fungerer ikkje alltid, når dei fleste er einslig og einsemda kjem snikande. Vel og bra med heimesjukepleie, men når du er 90 og ikkje får plass på den lokale sjukeheimen har samfunnet svikta. Dei fleste i den alderen lider av depresjon på grunn av for lite nærkontakt med venner som kanskje er borte.

Familie skal vere ein ressurs, ikkje ein hjelpar som gjer til at del blit utslitne Fellesmåltider, der kvar og ein får mogelegheit til å ha «selskap» ved måltid, der eit glass vin til maten og cognac til kaffen ikkje er «bannlyst». Maten bør vere frå eit kjøkken på område ikkje, innpakka i plast og levert på døra.

Små bufellesskap/tun, er tingen.
Uteområdet bør vere flat så bebuarane kan gå ut å stelle i «hagen» og ta ein kopp kaffe med naboen. Engasjere barnehagar/skular til å få ein besøks venn.
Kontakt dyrebeskyttelsen eller andre som har hund/katt som ein besøks venn . Eller ein fast katt, hund som bur i område.
Dyr skapar glede og «hjarta blir roleg» «Denne alderdommen, vil eg sjå framtil».

Lykke til med prosjektet, så får vi håpa at vi ser endring i eldreomsorga no når vi endeleg har fått ein.