Det har det siste året vore fokus på EMF-stråling i det offentlige rom, som skular, arbeidsplassar, offentlige bygg, men også i private heimar. Det underlige er at fokuset frå våre styresmakter har vore på å dempe ned frykt ved å vise til feilaktige påstandar frå offentlige instansar som Strålevernet, Helsedirektorat, NVE og andre.Der i blant nettselskapa, som er pålagde å vere den utførande part i å få AMS innstallert over alt. Folk i heile landet opplever truslar frå desse, påføring av urimelige ekstrakostnader og at frykt for eiga helse ikkje blir tatt på alvor. Her er det på sin plass å minne om føre-var-prinsippet i denne samanhengen, som ikkje ser ut til å vere tatt på alvor eller tatt med i det heile: «MANGEL PÅ FULL VITENSKAPLIG VISSHET SKAL IKKE BRUKES SOM BEGRUNNELSE FOR Å LA VÆRE Å TREFFE TILTAK FOR Å HINDRE ALVORLIG ELLER UOPPRETTELIG MILJØSKADE»

Nyare forskning på feltet er ikkje vurdert av desse instansane og blir avviste av dei nemnde over. Medan forskning og grenseverdiar frå ein industrifinansiert institusjon, ICNIRP, blir køyrt fram som påitelig og ufråvikelig, til tross for dette. Det er ein trend som uroar både meg, familien, naboar, vener, kollegaer.

Sidan ein kjenner litt til korleis avstemming i Stortinget går føre seg, med representantar, som ikkje les seg opp på viktige sakspapir før avstemming, så uroar det oss ekstra mykje. Korleis kan ein sikre korrekte og demokratiske avgjerder til gagn for det norske folket når det er slik fatt?

Frå andre land får vi informasjon om at wifi blir forbode i skular og barnehagar på grunn av dei same farane. Samtidig er det innført at det er frivillig å få AMS installert i andre europeiske land av same grunn, samt at Europarådet opererer med grenseverdiar som er 100.000 (kortsiktig strålefare) og 10.000 (langsiktig strålefare) gonger lavare enn det Strålevernet oppgjev som ufarlig. Kvifor, når dei samtidig viser til «internasjonal praksis»?

GDPR inneheld reglar for at nettselskap skal ha samtykke for å kunne installerer AMS hos norske kundar, men tek likevel ikkje omsyn til dette. Korleis kan styresmaktenen og deira institusjonar sitje rolige utan å gjere noke for det norske folk i ein slik situasjon?

Det er mange aspekt ved temaet og som norsk statsborgar vil eg gjerne ha svar på desse motsetningane frå våre folkevalde, og ikkje minst frå Helse- og Omsorgsdepartementet.