Idrettscampus Bergen er eit godt forankra samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Olympiatoppen Vest, Hordaland idrettskrets, SK Brann, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Bergen. Vår visjon er Styrke i samspel.
Vårt mål er å styrke arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Hordaland gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og -formidling.
Vi har god erfaring med at samhandling på tvers gjennom gode samarbeidsavtalar, felles møteplassar, utveksling av informasjon og felles forståing gir ekstraordinære resultat. At fleire aktørar samarbeider om å finne løysingar på felles samfunnsutfordringar er svært verdifullt, og vår modell er i seg sjølv eit innspel til denne handlingsplanen.
I tillegg gir Idrettscampus Bergen følgande samla innspel til Folkehelsemeldinga:

Anlegg er eit viktig verkemiddel for å få fleire aktive. I utarbeiding av anlegg er det viktig å tenke heilskapleg. Framtidas anlegg må samle både dei organiserte og dei eigenorganiserte, slik at ein kan rekruttere/fange opp på tvers av begge kategoriar. Eit godt eksempel på anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet er FYSAK Allaktivitetshus, lokalisert på Slettebakken i Bergen saman med mange andre flotte idrettsanlegg. Framtidas skular, idrettsanlegg og uteområde må sjåast i samanheng for å sikre god utnytting av anlegg, god samfunnsøkonomi, eigarskap hos fleire og lågare terskel for samarbeid på tvers. Vi må gjere det enkelt å vere aktiv gjennom attraktive nærmiljø og kort veg til tilrettelagte friluftsområde.
For å gjere ein forskjell i folkehelsa er det viktig å få dei inaktive aktive. Eit viktig verkemiddel for å få dette til er god kompetanse på idrett og fysisk aktivitet hjå dei som er i kontakt med dei aktuelle målgruppene. Dette vere seg lærarar, helsepersonell, støttekontaktar, frivillige i idretten eller friluftsorganisasjonar. For å sikre god kompetanse er ein avhengig av tilskot/midlar som gir rom for kompetanseheving og kompetanseutvikling, og krav om at dette vert prioritert. Det er også viktig med gode system for samhandling og koordinering på tvers av spesialisthelseteneste, kommune og frivilligheit for å sikre varig aktivisering av dei inaktive.

Den frivillige sektoren er ein viktig bidragsytar for sikre auka fysisk aktivitet blant befolkninga. Ei krone investert i frivillig sektor gjer stor avkastning. Det er derfor viktig at denne sektoren blir styrka i form av betre villkår for organisering av dei frivillige som igjen kan gje forutsigbarheit i arbeidet. Her er gode støtteordningar avgjerande.
Eit eksempel på dette er at Helsedirektoratet har løyvd 36 millionar kroner til Hordaland fylkeskommune over ein periode på seks år. Prosjektet «Saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge» er ein del av det nasjonale programmet for folkehelsearbeid i kommunane. Målet med tilskotsordninga er å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet og arbeid for å utvikle strukturelle tiltak gjennom inkludering, befolkingsretta og helsefremjande innsats for og med barn og unge. Det er også etablert samarbeid med kunnskaps- og forskingsmiljø (FOU-miljø) som i samarbeid med kommunane skal legge til rette for evaluering av tiltaka.

Dagens samfunn endrar seg raskare enn nokon gong før, teknologi og digitalisering er ein del av kvardagen, brukarmedverknad i alle ledd er derfor særs viktig for å sikre at tiltaka treff målgruppene. Studentar er framtidas arbeidstakarar, og innovatørar. Å bruke studentar på tvers av fag for å løyse morgondagens utfordringar vil vere verdifullt og samfunnsøkonomisk. Det vil også vere positivt for studentane som får verkelege utfordringar å forhalda seg til, og anledning til å bygge nettverk inn i arbeidslivet.

Økonomiske barrierar må heller ikkje vere til hinder for deltaking, og gode system for å sikre at alle som vil får anledning til å delta er viktig. Eit godt eksempel på dette er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet si nasjonale tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet med tilskotsordninga er å motvirke konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal gje fleire born og ungdom moglegheit til å delta på viktige sosiale arena, som ferie- og fritidsaktivitetar. Byrådet har kome med anbefaling av kva tiltak som bør prioriterast i Bergen.
For å få med utsette grupper er det viktig at tilboda er lågterskel, dei må vere lett tilgjengeleg og det må vere lite krav til deltaking. Eit eksempel på dette er Den norske turistforeining som gjer mykje bra utviklingsarbeid og tilrettelegging for fleire og fleire. Idrett Bergen Sør er eit anna godt eksempel, her har 5 idrettslag gått saman om ein unik modell for å skape tilrettelagte tilbod for utsette grupper på tvers av idrettslaga.

Skulen er ein viktig arena som er særskild aktuell for å auke fysisk aktivitet blant born og ungdom. Vedtak om 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag støttar opp om dette. Det er mange måtar å gjennomføre dette på, her er det viktig at vi tek i bruk kunnskapsbaserte metodar, og at vi spelar på, og støttar opp om dei ressursane i skulen som har kompetanse om fysisk aktivitet. Det er også viktig å sjå på fasilitetane på skulane. Utvikling av aktive skuleplassar vil gjere det enklare å gjennomføre fysisk aktivitet i skuletida. Aktivitet i SFO og i tida rett etter skulen er fine arena for fysisk aktivitet. Gode eksempel på dette frå Hordaland er: AktiVane som er ein modell for å skape meir og betre fysisk aktivitet i SFO og kompetanseheving blant SFO-ansatte og ungdomsskuleelevar. Eit anna godt eksempel er LIM – Lekser-idrett-mat som er eit prosjekt i regi Slettebakken skule i samarbeid med 6 lokale idrettslag som gir gratis tilbod om leksehjelp, idrett og mat rett etter skuletid 3 dagar i veka til alle elevar på 5.-7.trinn.

Idrettscampus Bergen har gjort det mogleg for fleire store aktørar i fylket å saman kunne sjå på utfordringar som kvar av aktørane har eit forhold til. Det ligg store synergiar i å løyse desse utfordringane i samhandling med kvarandre. Ein får eit meir heilskapleg bilete på utfordringa og løysingane vert betre enn om ein skulle løyst dei kvar for seg. Knutepunktet er eit godt eksempel på dette.
Knutepunktet er ein modell som jobbar for å styrke og tydeliggjere ansvar i vekslingsfelta mellom spesialisthelseteneste, kommune og frivillig sektor. Korleis ein kan samordne tenestene rundt brukarane slik at dei opplever eit koordinert tilbod. Det gjerast mykje godt arbeid hos kvar av desse aktørane, men ein kjem til kort om det ikkje er nok samhandling mellom desse. Eit konkret eksempel på dette er barn og unge som er innlagt på sjukehus/institusjon og har fysisk aktivitet som ein del av sin behandling. Om vi ikkje har system eller gode løysingar for korleis dette barnet kan fortsette å være fysisk aktiv i sin heimkommune, gjerne gjennom frivilligheten, så er innsatsen og det gode arbeidet som blei gjort på sjukehus/institusjon ofte forgjeves. Det er behov for at det leggast inn ressursar, både menneskelege og økonomiske i desse skjeringspunkta for å sikre at vi får så mykje som mogleg ut av det gode arbeidet som skjer hos kvar av desse aktørane. Dette kan vere treningskontaktar, midlar til transport, koorderingsroller, gode digitale verktøy som kan nyttast av alle partar.

Mange modellar har stor overføringsverdi. Gode rutinar for informasjonsutveksling og metodar for deling av modellar/tiltak vil vere både samfunnsnyttig- og økonomisk.

I den nye nasjonale tverrsektorielle handlingsplanen for auka fysisk aktivitet er det viktig at ein har fokus på samhandling på tvers av sektorar og god samordning mellom forvaltningsnivå. Det må vere ein heilskapleg plan bak arbeidet på tvers av sektorane, og tiltaka må vere kunnskapsbaserte. Det må leggast til rette for å utarbeide gode system som kan sikre at overgangane flyt godt. Her er god rolle-, oppgåve- og ansvarsavklaring viktig.
I planarbeid bør det oppmodast til samhandling med kommunar, fylkeskommunar, frivillige organisasjonar og næringsliv for å dra nytte av dei ressursane som finnast. I utvikling av tiltak bør det også stillast krav til medverknad frå brukargrupper og aktuelle aktørar. Dette er styrke i samspel.