I «Handlingsplan for bedre kosthold» er det uttalt ambisiøse mål som m.a skal legge til rette for «Et sunt og variert kosthold i hele befolkningen», «redusere sosiale forskjeller i kosthold», «styrke og kvalitetssikre mat-, måltids- og ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten» og «redusere sosiale forskjeller i kosthold». Vi vil også gjere den enkelte i stand til å ta gode valg for helsa si. Men korleis skal vi få til dette utan å satse på kosthold og ernæring i barnehagen, utan å styrke faget mat- og helse i skulen og utan at ernæringskompetanse er tilknytt kommunane? I eit samfunn der vi vert meir og meir opptekne av å utnytte ressursane best mogeleg (gjenbruk, «spis opp maten» osv) er det for meg eit paradoks at vi vel å forkaste kompetanse som allereie finst til fordel for ny- og etterutdanning. Det eg tenkjer på er all ubrukt ernæringskompetanse som er tilgjengeleg i form av mastergrader i ernæring som driv med heilt andre ting enn ernæringsarbeid medan sjukepleiarar og andre yrkesgrupper skal etterutdannast for å gjere ernæringsjobben -i tillegg til å utøve sitt eige fag. Dette kan umogeleg vere verken økonomisk- eller fagleg hensiktsmessig! Skal vi nå måla trengst det eit ernæringsløft med særleg satsing på førebyggjande folkehelsearbeid, og ikkje minst hovud og hender som kan utføre jobben!

Eg meiner difor vi treng:

  • Krav om tilgjengeleg ernæringsfagleg kompetanse i alle kommunar
  • Krav til fagkompetanse for å undervise i faget Mat- og helse i skulen (med både teoretiske og praktiske ferdigheiter)
  • Yrkestittel til mastergrader i ernæring og innlemming av desse i helsevesenet for å utføre førebyggjande helsearbeid

Men det vi treng mest av alt: politisk vilje og handling!