Hei!
Eg ønskjer så inderleg at alle som vil kan få kjøpa fersk ubehandla mjølk t.d. frå automatar slik som byrjar å bli vanleg i fleire land. Ubehandla mjølk har næringsstoffa i behald og er lettare å fordøya enn meierimjølk som fleire og fleire får intoleranse for. Eg er overbevist om at rein og ubehandla mat generelt gjer folk friskare og meir motstandsdyktige mot sjukdomar. Det tener samfunnet på!
Eg hugsar Therese Johaug fekk spørsmål frå ein journalist ein gong om kvifor ho var så god. Ho svara då at ho aldri var sjuk/forkjøla slik at ho mista treningar og oppkøyringar til mesterskap slik som mange av dei andre utøvarane gjorde. Grunnen var at ho var oppvaksen på gard med heimelaga mat og mjølk rett frå kyrne, sa ho.
Eg har sjølv gått over til upasteurisert mjølk dei siste åra. Den smakar så godt og naturleg. Lagar kefir av den og merkar bl.a. at mage/tarm har det mykje betre. Difor ønskjer eg at det kunne blitt ei lovendring på dette.

MVH
May Hege Hammersvik