«En god og forebyggende folkehelsepolitikk skal legge til rette for at den enkelte kan ta gode valg for sin egen helse» skriver ministeren Kjøp og sal av fersk mjølk er forbode i Norge i organiserte former. Nordmenn har drukke fersk mjølk i generasjoner og den dag i dag drikker dei fleste mjølkebøndene si eiga mjølk rett frå tanken. Faren med å drikke fersk mjølk er sterk overdrevet i høve alle fordelane for helsa. Mange meiner det er betre med fersk mjølk for deira eigen helse og då er det viktig at folk får lov til å velge det. Mange toler ikkje prossessert mjølk, men får helsen styrka av fersk mjølk.
Interessen frå publikum er stigande og forbodet fører til uorganisert, delvis illegalt sal. Eit velorganisert sal med god opplæring av produsentane/selgarane og eit gjennomtenkt regelverk ville gje eit sikrare sal og konsum.
Rå, ferk, mjølk har til alle tider styrka folkehelsa og kan gjera det igjen om forbodet vert erstatta av eit eigna regelverk.
3 447 medlem i Facebook-gruppa «Ja til sal av rå ferk mjølk», ber om at kjøp og sal av mjølk skal vera lovleg i Norge, for helsa og valfridom si skuld.

Vedlagt ei liste over nokre av grunnane til at folk vil vera med i gruppa.

Helsing
Pascale Baudonnel
Ysteteknolog og spesialist på rå mjølk, administrator for FBgruppa.