Innspel til folkehelsemeldinga

Eg er oppteken av mykje innan helse, men eg kjenner det mest som mi plikt å rette søkelyset på stråling, ettersom det vert gjort skremmande lite i forhold til det. Det er ikkje populært å nemne ordet eingong, og eg trur mange ikkje torer å opne munnen i frykt for å bli latterleggjort. I tillegg kjem ein ofte ingen veg så lenge Statens strålevern tviheld på ei gamal og utdatert tru på at mikrobølgjestråling berre er skadeleg ved oppvarming av vev – i staden for å oppdatere både seg sjølv og oss borgarar innan det som ein gong i framtida kjem til å vere allmennkunnskap.

I fjor haust såg ei gruppe på over 180 forskarar og dokterar frå 35 land på både gamle og nye studiar av radiofrekvent stråling, og dei påviste skadar på menneske og miljø. Difor sendte dei ut ein appell til myndigheiter i heile verda den 13. september 2017, og bad instendig om at utrullinga av 5G må stoppast ( https://drive.google.com/file/d/0B14R6QNkmaXuelFrNWRQcThNV0U/view ). Trass i dette vart det i november i fjor avslørt at Kongsberg skulle bli den første «heldige» 5G-kommune. Mannen i gata høyrer ikkje om appellen, for myndigheitene ropar ikkje ut eit «varsko her», og media har til no omtrent vore fråverande. Når skal den norske stat ta åtvaringane mot radiofrekvent stråling på alvor? Er det ikkje betre å bruke pengar på å leggje til rette for dei tryggaste og beste løysingane no, i staden for å måtte sløse dei vekk på ein teknologi som ikkje er framtidsretta, og seinare – når mange har blitt sjuke – måtte rydde opp i dette?

På informajsonssida dykkar kunne eg lese at «En god og forebyggende folkehelsepolitikk skal legge til rette for at den enkelte kan ta gode valg for sin egen helse.» Når det gjeld stråling, så er det ikkje berre opp til enkeltmennesket å ta gode val, så her må storsamfunnet inn og ta fornuftige avgjersler som sikrar den enkelte borgar si helse.

Etter å ha jobba som lærar i ungdomsskulen i 19 år, har eg merka meg at ungdommane er mindre utkvilde i dag enn dei var då eg begynte som lærar. Fysisk uthald og kroppskontroll er også generelt dårlegare. Samstundes registrerer eg at søvnproblem, angst, depresjonar og ulike helseproblem er aukande i samfunnet. Eg trur ikkje dette åleine kjem av forventningar, stress og press, men at digitalisering og framvekst av trådlaus kommunikasjon også må ta ein stor del av skulda. Vår oppveksande generasjon lir under dei tilhøva me vaksne skapar for dei, m.a. for lite fysisk aktivitet, feil / unaturleg lys frå skjermar og ledpærer, og stråling frå master, mobilar, AMS-målarar og wifi.

Som lærar er eg sjølvsagt oppteken av at den oppveksande generasjon skal tileigne seg digital kunnskap, slik at dei er rusta til å bruke dei hjelpemidla som er tilgjengelege når dei skal ut på arbeidsmarknaden. Men desse må vere trygge å bruke. Grunna dagens kunnskap om helsefarane ved trådlaust, må det leggjast til rette for at digitale hjelpemiddel kan kablast, og ein må ta føre-var – prinsippet meir i bruk. Alle skal kunne leve i heimen sin, og gå i arbeid og skule utan å risikere å bli sjuke.

Mvh Anne-Karin Eiken